Kulturstipend
Gåvefond
Tildelingar
Om stiftinga
Kan du søkja?
Aktuelt
Aktuelt
Kulturstipend
Kulturstipend
Gåvefond
Gåvefond
Fotogalleri
Tildelingar
Tildelingar
Om stiftinga
Om stiftinga
Verksemdstyring
Vedtekter
Gåver
Eigarskap SPV
Organisasjonen
Val til Generalforsamlinga
Årsmeldingar
Sparebanken Hardanger
Skipingsdokument
Kan du søkja?
Kan du søkja?
Kulturstipend
Gåvefond
Tildelingar
Om stiftinga
Kan du søkja?
Aktuelt
Sjå om du kan søkja støtte
Sparebankstiftinga Hardanger tildeler gåver til gode prosjekt 2 ganger i året. Sjekk her om du kan søkja om gåvemidlar.
Er prosjektet du søkjer gåve til heimehøyrande i Hardanger eller Voss?
Ja
: Det er bra.
Nei
: Diverre. Prosjektet må vera heimehøyrande i ein eller fleire av kommunane Ullensvang, Ulvik, Eidfjord, Kvam eller Voss.
Kven søkjer du på vegne av?
Lag, foreining eller frivillig organisasjon
: Det går fint.
Stifting
: Det går fint.
Offentleg sektor
: Ja, dersom prosjektet er av ålmenn nytte og ikkje ei offentleg pålagt oppgåve.
Kommersiell aktør med ideelt føremål
: Ja, dersom prosjektet er av ålmenn nytte og ikkje ei gåve til den kommersielle aktøren si drift.
Ordinært AS/enkeltpersonforetak/privatperson
: Diverre. Me gjer ikkje gåver til ordinære AS, enkeltpersonforetak eller privatpersonar. Finn heller ein ideell organisasjon å samarbeide med.
Lukka medlemsorganisasjon, landsdekkande/internasjonale organisasjoner, politiske parti eller religiøse organisasjonar
: Det vil ikkje verta gjeven støtte til søknader frå slike organisasjonar. Desse kan likevel søkja støtte til ålmennyttig verksemd.
Kva skal pengane brukast til?
Eingangsutgifter og investeringar
: Det går fint.
Driftsutgifter som strøm, husleige og løn
: Diverre. Me gjer ikke gåve til reine driftsutgifter eller typiske sponsormidlar.
Prosjekt med kostnader tilknytta eit tidsavgrensa tiltak
: Det går fint.
Har organisasjonen du søkjer om gåve til organisasjonsnummer?
Ja
: Det er bra.
Nei
: Det er eit krav om at organisasjonen må vera registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund med eige organisasjonsummer.
Har du laga eit budsjett for det du skal søkje om?
Ja
: Flott. Husk at budsjettet må ha både ei oversikt over utgifter og ei oversikt over inntekter (finansiering).
Nei
: Diverre. Du må lage eit budsjett for å søkje. Budsjettet må ha både ei utgifts- og inntektsside (finansiering).
Beklagar, du kan ikkje søkje. Utifrå det du har svart ser vi at ein søknad ikkje vil føre fram. Les heile regelverket for gåvesøknad ved å trykke på knappen under, eller ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til dette.
Du kan søkje. Gå til søknadsskjema ved å trykke på knappen under.