158 søknader for tilsaman ca. kr. 33,8 mill kom inn våren 2022
2022-04-26 10:35
Søknadsfristen for gåvemidlar frå Sparebankstiftinga våren 2022 gjekk ut 31.03.2022. Neste frist for søknadar er 30.09.2022 og alle nye søknadar frå no av vil verta handsama etter denne fristen. Både gåvemidlar og kulturstipendet for ungdom kan søkjast kontinuerleg.
Det var som vanleg stor aktivitet dei siste dagane fram mot søknadsfristen og stiftinga kan melde om at det er kome inn 158 søknadar - på tilsaman ca. 33,8 mill. kr. til både store og mindre prosjekt. Stiftinga har ca. 12,2 mill. kroner til utbetaling i denne runden.
Styret planlegg slutthandsaming av søknadane i slutten av mai.