havo investeringsstiftinga skipingsm%c3%b8te sverrehjornevik-08854

Gåve på 50 millionar til ny investeringsstifting


2024-06-28 13:37
Torsdag 27.06.2024 vart investeringsstiftinga Hardanger og Voss skipa på Voss. Dette er ei ny stifting som skal bidra til utvikling av næringslivet i herada Ulvik, Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Voss. Stiftinga sitt føremål er å bidra til nyskaping og vekst i Hardanger og Voss, gjennom investeringar i såkornfond og andre investeringsinitiativ i regionen. Stiftinga skal bidra med kapital, kompetanse og nettverk.
Initiativtakar til stiftinga er Sparebankstiftinga Hardanger som saman med medskiparane Ullensvang kommune, Kvam herad, Eidfjord kommune, Ulvik herad, Voss herad og Voss Sparebank til saman gir 100 millionar kroner i gåve til stiftinga. 50 av desse 100 millionane kjem frå Sparebankstiftinga Hardanger.
Styreleiar i den nye investeringsstiftinga, Per Berge frå Sparebankstiftinga Hardanger, seier etter skipingsmøte 27. juni at dette er ei gåvepakke til næringslivet i Hardanger og Voss.
«Sparebankstiftinga Hardanger har i mange år ynskt å kunne gjera noko overfor næringslivet, noko me hittil ikkje har kunne gjera på grunn av føremålsparagrafen vår. Me har i tre år arbeid med ein modell for den nye investeringsstiftinga saman med herada i regionen. Investeringsstiftinga skal i haust oppretta eit såkornfond som skal investera i gründer- og vekstverksemder i regionen. Me ynskjer å gjera regionen attraktiv å både bu og arbeide i, og me ynskjer å bidra til å skapa nye kompetansearbeidsplassar og auke «gründerkulturen».

Les heile pressemeldinga her