Etter vedtektene for Sparebankstiftinga Hardanger skal det i 2023 veljast 5 medlemer og 8 varamedlemer til generalforsamlinga. Medlemene skal veljast av og blant innskytarar som dei siste 6 månadar før kunngjeringa av valet har hatt bustadadresse i kommunane/herada Eidfjord, Ullensvang, Kvam, Ulvik eller Voss, og har hatt innskot i Sparebanken Vest med over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen innskytar kan gje meir enn ei stemme. Berre myndige personar kan stemme ved valet.
Klikk her for å lasta ned orientering om valet
Klikk her for å lasta ned røystesetel for region aust
Klikk her for å lasta ned røystesetel for region nord
Klikk her for å lasta ned røystesetel for region vest