hardangertrappa %c3%85smyri-nedre-2

Tildeling av gåver hausten 2024


2024-11-06 10:48
Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har hausten 2024 delt ut gåver på til saman 14,1 millionar kroner til ulike tiltak i regionen. 
Til saman kom det inn 190 søknader i denne runden med samla søknadssum på om lag kr 50,4 millionar kroner. Av desse er det løyvd gåver til 71 søknader med til saman om lag kr 14,1 millionar kroner.
 
Med denne tildelinga har Sparebankstiftinga Hardanger tildelt gåver for over kr 233 millionar kroner sidan oppstarten i 2012.

Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie til våren 2025 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist den 31.03.2025.


Sjå heile lista over tildelingar her!