Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har våren 2023 delt ut gåver på til saman kr 12 373 232,- til ulike tiltak i regionen.
Dei største gåvene denne gongen var :
Kr 500 000,– til Ulvik Idrottslag for Skicrossanlegg Drevtjørn
Kr 500 000,- til Tett-På prosjektet til Hardanger fartøyvernsenter
Kr 500 000,– til Hardangerrådet IKS for prosjekt Arbeidsstad: Der du vil!
Kr 400 000,- til Aktivitetspark i Øystese i regi av Liv og Lyst/Øystese Næringslag
Kr 400 000,– til Voss Ski- og Tursenter for nærmiljøanlegg
Kr 328 000,– til Eidfjord Skyttarlag for ferdigstilling av miniatyrskytebane
Kr 300 000,– til Jondal Idrettslag for spinningsal
Kr 300 000,– til Bolstadøyri Grendalag for ferdigstilling av dagsturhytte med flytebryggje
Kr 300 000,- til Voss Aktivitetspark og siste del av aktivitetsparkprosjektet
Kr 290 000,– til Granvin Idrettslag til ny fotballbu
Kr 250 000,– til Føyk Idrettslag for Sekseparken
Til saman kom det inn 199 søknader i denne runden med samla søknadssum på om lag kr 44,7 millionar kroner. Av desse er det løyvd gåver til 92 søknader med til saman om lag kr 12,4 millionar kroner.
Med denne tildelinga har Sparebankstiftinga Hardanger tildelt gåver for over kr 145 millionar kroner sidan oppstarten i 2012.
Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie til hausten 2023 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist den 30.09.2023.
Sjå heile lista over tildelingar
her!