4p9a6390

Tildeling av gåver våren 2024


2024-06-25 10:48
Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har våren 2024 delt ut gåver på til saman 16,6 millionar kroner til ulike tiltak i regionen. I tillegg har styret også gjeve ei ekstraordinær gåve på 50 millionar kroner til skiping av ei investeringsstifting for Hardanger og Voss. Les meir om den her.

Til saman kom det inn 201 søknader i denne runden med samla søknadssum på om lag kr 54,4 millionar kroner. Av desse er det løyvd gåver til 90 søknader med til saman om lag kr 16,6 millionar kroner.
 
Med denne tildelinga har Sparebankstiftinga Hardanger tildelt gåver for over kr 222 millionar kroner sidan oppstarten i 2012.

Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie til hausten 2024 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist den 30.09.2024.


Sjå heile lista over tildelingar her!